Hellevika
Hellevika er det eine endepunktet for bilvegen på øya. Her kan du starte viss du skal gå Kulturstien rundt øya. Her er det nokre gardstun, og Ivergarden er pussa opp til ein kjekk stad å leige til selskap og overnatting. Heilt i enden av vegen
finn du Hellevik fyr. Oppe på flata før du køyrer ned svingane til Hellevika kan du gå på tur til Storehaugen, Heia, Goaldet eller Eventyrskogen.
Sæt/Seth
Her finn du eit idyllisk område med Sætsdemma og Eventyrskogen. Her kan du leike deg i ei eventyrverd, og du kan grille og padle kano på demma. Om vinteren er det av og til is på demma, då er her flott å gå på skøyter. Du finn også
selskapslokalet Låvegodt her på Seth.
Kjerstad
Her finn du Prestegarden med startpunkt for Eventyrskogen, samt den fantastiske stranda Kjerstadsanden og gravstaden. Litt lenger sør på Kjerstad du finn den gamle ferjekaia, hurtigbåtkaia, Kjerstad småbåthamn og bedehuset. Enda litt sør for bedehuset kan du gå opp i lia og finne Trollsteinen.
Farstad
Her er Joker Lepsøy plassert, eller Ole-buda som butikken også blir kalla. I lia ovanfor butikken, rett ovanfor Lepsøy bygdetun og Saniteten, kan du gå opp Fjellvegen og vidare til Grønesletta, Måshamrane og Heia, eller opp mot toppen på Goaldet. Vidare på Farstad finn du skulen, barnehagen, samfunnshuset og biblioteket samla på ein plass, og også Lepsøy idrettslag sine fotballbaner og klubbhus.
Lausund
Dette store flate området på øya er det første du møter når du kjem køyrande på Nordøyvegen. Her finn du Lausundhamna og Lausundholmen. Her er også ei langgrunn sandstrand; Lausundsanden.
Rønstad
Rønstad er det andre endepunktet for bilvegen på øya. Dette har blitt eit populært hytteområde, og ein kan også starte vandringa på Kulturstien på utsida av øya herifrå.
Goaldet
Fjellet på Lepsøya heiter Goaldet og er 490 meter over havet. På toppen av fjellet er det god utsikt i alle retningar. Her er det satt opp ein varde med ei sikteskive der ein kan sjå namna på fjella rundt. På veg opp til toppen går ein forbi ei lita steinhytte der ein kan overnatte.