Lepsøya

Eventyrskogen

Velkomen inn i eventyret si verd! Dette er ei fin stad for
alle aldrar, men kanskje ekstra kjekt for dei som er i barnehage- og
småskulealder. Langs heile løypa finn du spor etter troll og andre eventyrlege
vesen. Du kan også ta med deg din eigen figur og setje ut, om du vil det.


Hovudløypa går frå Prestegarden (Lepsøy misjonssenter) og
opp Ugleseth-bakkane til Gaukane, der det er ein flott rasteplass med bord og
benkar. På vegen dit kan du sjå mange ugler og gigantiske soppar. Rett før du
kjem fram til Gaukane, kan du ta ein avstikkar til staden der huldra bur. På
Gaukane finn du Eventyrhuset. Det er bestemor sitt hus, der du kan leike deg og
kle deg ut. Hugs på å rydde fint opp att etter deg, slik at det blir kjekt for
dei neste som kjem også.

Vidare kan du gå ein avstikkar via Trollhola, der du kan ringe
på døra. Kanskje får du svar frå trolla som bur der? Deretter kjem du til Alveskogen
og trollet sitt fangebur. Og endå litt vidare kjem du til sjølvaste
Trollstolen, det mest kjende landemerket i Eventyrskogen. Det er her trollet
sit og funderer på saker og ting og kikar ut over riket sitt. Trollet er jo som
kjent redd for å vere ute når det er sol, så stolen er stort sett ledig for deg
til å sitje i.


Viss du går vidare, kjem du etter ei stund til biblioteket,
der du kan skrive ei helsing, registrere deg i den lokale trimpost-boka eller
Stikk Ut, samt lese i bøker. Og når vi snakkar om bok; det er laga ei heilt eiga
bok om trolla i Eventyrskogen. Denne kan du kjøpe på Joker Lepsøy.

Vidare går vegen forbi Trollhaugen og over Bukkane
Bruse-brua, før du anten snur tilbake, går vidare til venstre på fjelltur,
eller går til høgre ned mot hovudvegen og følgjer denne tilbake til parkeringa.
Det er fint å grille både i Elvadalen eller ved Sætsdemma. Ved demma kan du
også låne kano og padle litt, eller gå på skøyter om der er is.

Heile Eventyrskogen og området ved Sætsdemma blir
vedlikehalde og utvikla på dugnad av folk på Lepsøya. Vi set pris på at alle
besøkande ryddar godt opp etter seg. Alt er gratis å nytte, men støtt gjerne
arbeidet ved å gi ei gåve via Vipps #131600. 


Alle bilete er henta frå
Eventyrskogen si side på Facebook.