Lepsøya

Den utrulege reisa til

Elisabeth (Betty) Mouat (1825 — 1918)

Johan Erikson Rekdal

var med på berginga

Av Asbjørn Oterhals
Teksten er henta frå 
arkmarin.no

Denne hendinga går 115 år attende i tida. Det er om ei kvinne som heilt ufrivillig og på mirakuløst vis kom over havet frå Shetland til Sunnmørskysten. Om sjølve berginga har Erik Johanson Rekdal fortalt til Peder Gjelsten Rekdal. Erik var 12 år då dette hende og det var faren, Johan Erikson 41 år, som var med på berginga. Dette intervjuet er blitt teke vare på, det finst på lydband. Sonen har sikkert fatt faren til å fortelje denne historia fleire gongar, så ofte at han kunne den utanåt.

Betty Moaut var frå Sør-Shetland, frå ei bygd med namnet Scatness. Ho kom til verda i 1825 i landsbyen Levenwich. Faren var skomakar, men drog ofte på fiske for å auke inntekta. Faren kom vekk då han var med ein båt på kvalfangst ved Aust-Grønland. Mora gifta seg opp att med ein småbrukar og fiskar, Thomas Hay. Det faste husværet hadde Betty hos halvbroren, James Hay. Ho gifta seg aldri og livnærte seg som hushjelp. Dette var ofte eit hardt arbeid med onnearbeid, stell av husdyra og torvtaking. Tilleggsinntekter fekk ho, som andre kvinner av strikkearbeid. Då ho var 56 år og skulle køyre hesten heim med torv sprang han ut, Betty fall av og eine foten kom under eit vognhjul. Fire år seinare fekk ho slag og mista noko av rørsla i den eine sida. Dette var ein av grunnane til at ho la ut på reisa 30. januar 1886. Ho skulle til doktor og samtidig selje strikkearbeid for nabokvinnene.

 

Båten ho reiste med var ein 50 fots hurtigseglar, med namnet Columbine. Båten gjekk i rute mellom Sør-Shetland og Lerwick. Mannskapet om bord var kaptein, styrmann og ein matros. Denne dagen var det berre ein passasjer. Kapteinen, James Jamison, ville ikkje ha med seg kvinner i det stygge veret. Men ettersom han var i slekt med Betty og visste at ho skulle til doktor fekk ho ver med.


 

Ulykka inntraff kort tid etter at båten hadde drege frå hamna. Storseglskøytet rauk. Då styrmannen og kapteinen prøvde på å få inn eit nytt, vart dei slått over bord av bommen. Styrmannen greidde å kome seg om bord att, men ikkje kapteinen. Dei la båten mot vinden, sette lettbåten på sjøen og rodde ut for å redde kapteinen. Dei greidde ikkje å berga han. Dei to måtte og gje opp å nå attende til Columhine. Dei greidde det ikkje i den store sjøen som var, og hadde ikkje noko anna å gjere enn å ro til land for å hente hjelp. Betty Mouat var no hjelpelaus åleine om bord i Columbine. Dei på land såg båten segle vekk utan nokon ved roret. Rederiet fekk melding etter ein time. Reiaren, John Bruce, utlova bergingsløn. Men det var ikkje større båtar der som kunne dra ut for å hjelpe, mørkna gjorde det og. Etter kvart kom det større båtar til, i to dagar vart det leita etter Columbine med Betty om bord. Leiteaksjonen vart så innstilt, dei rekna med at Columbine hadde gått ned i det stygge veret. John Bruce nekta å gi opp. Han telegraferte til den britiske konsulen i Stavanger og bad han oppmode norske fiskarar og losar langs norskekysten om å vere på utkikk etter skuta. Han kom med tilbod om 10 pund i bergingsløn til den som berga Betty Mouat.

 

Situasjonen for Betty var kritisk. Tidleg vart ho klar over dette, at ho var aleine på seglskuta utan styring. Ho hadde tilhaldstad i ein trong lugar framme i båten. Etter at ein stor sjø hadde fått leideren til å dette ned var ho innestengd. Kanskje dette var eit lykketreff likevel, ein kan tenkje seg kva som kanskje ville ha skjedd dersom ho hadde gått opp på dekk på leiting etter mat og klede.

 

I den høge sjøgangen og med ingen til å styre så slingra båten svært. Nede i lugaren var det tau som hang ned frå taket. For ikkje å bli kasta hit og dit måtte ho halde seg i desse. Betty hadde teke med seg mat for ei reise på tre timar, det var ein liter mjølk og to kjeks. Då ho vart klar over situasjonen, og den verste panikken hadde gitt seg, byrja ho å leite etter klede og mat. Ho fann ikkje noko mat, men ei lampe og fyrstikker. Ho prøvde på å tenne lampa men greidde ikkje det før seinare ein dag. Ho fann og ei sjømannstrøye etter nokre dagar, den ha ho på seg. Det vesle som var av mat og drikke rasjonerte ho slik at det held i 5-6 dagar. Etter seks dagar på sjøen løya vinden noko, Betty klatra opp på ei kiste og såg ut. Då kunne ho sjå land, snøkvite fjell. Men så vart storseglet fylt og båten drog vekk frå land att.

 

Etter ni dagar, i mørkret kring midnatt skrapa båten nedpå ei grunne. Då morgonen kom, såg ho land ikkje langt vekk. Medan ho såg på, tok ein stor sjø tak i skuta og ho vart ført heilt inn til land. Samtidig på Lepsøya gjekk Johan Erikson Rekdal og venta på betre fiskevêr. Han var ute og rodde fiske hjå Bernt Rønnestad. Han har fortalt at han hadde ein draum om at han fann eit skrin ute i Rønnestadfjøra. Denne dagen, 7. februar, fekk han med seg ein annan som og rodde fiske der, Paul Hestholm, ut i fjøra. Dei tok med seg gevær slik at dei kunne skyte fugl om del såg nokon. Då fekk dei sjå ei skute som kom inn gjennom falla. Ho hadde storseglet oppe, men ho gjekk med bakka klyver. Når dette seglet vart fylt med vind så fall ho av. Slik fekk ho ikkje så stor fart, og slik kom ho no inn mot land. Skuta hogg mykje gjennom brota med det resultat at stormastra datt av. Den la seg fyrst attmed sida, men da tauverk rauk la mastra seg framfor skuta. Så kom ein stor slø og køyrde Columbine over mastra, mellom to store steinar og nesten heilt på land. Der vart ho ståande.

 

Dei to på land hadde sett eit menneske om bord tidlegare, men no var det ikkje teikn til noko. Derfor tok Johan tak i forlykkja til klyveren og hengsla seg opp på klyverbommen , deretter om bord i skuta. Kvinnfolket han fann om bord var i dårleg forfatning. Problemet var å få ho i land. Johan fann ei trosse og ei smekker line. Han kasta lina til Paul som stod på land. Lina batt han fast i trossa som Paul hala i land. Paul bela (batt fast) trossa i ein stor stein og Johan bela den til gangspelet framme på bakken. Sjølv om kvinnfolket sette seg imot så vart ho nøydd til å bli fira over til land på denne trossa. Skuta låg ikkje akkurat i ro, så Betty tok ned i sjøen og vart våt før ho kom til land.

 

 

Etter at Johan hadde kome i land sprang den eine heim etter folk og tørre klede, og den andre vart att med henne. Heile mannskapet kom og ho fekk på seg tørre klede. Bernt hadde med seg ei halvflaske rom, og han gav ho ein dram. Då ho hadde drukke halve var det dei som meinte at dette var nok. Då nokon ville ta glaset frå henne sette ho seg imot, ho ville ha alt. Kvinna, Betty, vart ute på Lepsøya i åtte dagar, så drog ho til Ålesund der ho var i fire veker før ho reiste attende til Shetland.

 

Skuta vart ståande heile vinteren, til våren. Alt om bord vart teke på land og eit reserve storsegl som lag i rommet vart tillaga som eit telt over varene. Lensmannen måtte sette vakt over varene for det var dei som ville forsyne seg av dei. Vaktene var frå mannskapet hans Bent Rønnestad,

 

Om våren vart det auksjon over skuta og segla. Erik fortel at faren og farbroren ville by på skuta, men Bernt skulle ut på fiske den dagen slik at det gjekk ikkje. Columbine vart seld for 400 kroner, ho var godt i stand trass medfarta. Skroget var nemleg av eik.

 

Fyrst vart ho tilrigga som lystseglar, seinare som fiskebåt . Erik fortel at ein gong han og faren var oppe i Hesta og tok ned ved, kom Columbine forbi. Dei sprang ned til sjøen, fekk sett færingen ut og rodde til skuta. Dei fekk kome om bord, og der var det fine greier. Som fiskebåt såg Erik skuta oppe i Vestfjorden seinare. Av den engelske regjeringa og dronninga fekk Johan bergingsløn og medalje som takk for innsatsen. Sonen meiner han fekk fire-fem hundre kroner og den fine medaljen som familien ennå har. På den eine sida av medaljen står det:

 

Victoria D:G: Britanniarum Regina F:D. På den andre sida: For Gallentry and Humanity From the British Goverment. Kring medaljen står det inngrave: Johan Rekdal 7.februar 1886.

 

Frå andre kjelder veit vi at då Betty kom i land på Lepsøya så var det ingen som forstod henne. Dei henta så presten, Ole Barmann, og han kunne hjelpe. I kallsboka har han og skrive litt om hendinga . «1886 — Søndagen 7de Februar landede udenfor Rønstad den shetlanske Jakt Columbine med 2 Retietseil uden Mandskab, blot en gammel Quinde — Elisabeth Mouat. Alt var for saa vidt vel. Om denne Sag er nu talt meget om dette».

 

I ettertid har det kome mange ulike skildringar av berginga. I alt vart det fem som vart heidra, og i følgje nokre, ein som vart gløymt.  Desse var: Bernt Rønnestad 38 ar frå Haram, Paul Hestholm, 19 år frå Herøy, Knut Veblungsnes, 24 år frå Rauma, Johan Rekdal, 41 år frå Rekdal, Ole Nesset, 26 år frå Nesset, Bertinus Knarvik, 29 år frå Lindas. Han som vart gløymt var Elling Hestholm, 21 år frå Herøy.

 

Handelsministeriet gav dei fem ovannemnde kvar si medalje og ein pengesum som utgjorde to pund til kvar. I tillegg fekk dei på deling dei 10 punda som John Bruce hadde lova til dei som berga Betty.

 

Kort fortalt om Betty så budde ho fleire dagar hos leiaren av eit tranbrenneri på øya. Namnet hans var Bulley. Melding gjekk og til den engelske konsulen i Stavanger, og slik kom det melding til Shetland. For folket der var dette ei fantastisk melding. Seinare kom ho til Ålesund, der kjøpmann Otto S. Jervell innlosjerte ho på eit hotell. Historia om henne kom i mange aviser, og på reisa heim att vart ho ofte møtt av mange menneske som kom berre for å sjå henne. Ho som hadde opplevd dette utrulege. Den 23. februar kom ho til Hull. Deretter reiste ho med tog til Edinburgh. Då ho gjekk av toget vart ho møtt av eit stort folkehav. Her var ho ei tid for å kome seg betre til hektene. Mange kom og vitja henne.

 

Saman med halvbroren drog ho til Lerwick, og kom dit laurdag 13. mars. Mange menneske hadde møtt fram for å sjå heltinna. Etter tre dagar drog ho heim. Her levde ho til den 6. februar 1918 då ho døydde i ein alder av 93 år. Dødsdagen var det 32 år sidan den siste dagen på den utrulege reisa over havet.

 

Kjelder:

Lydbandintervju av Erik Johnson Rekdal, intervjuar Peder Gjelsten-Rekdal

            Nærsamfunnet i kulturhistorisk lys — Betty Mouat si einsame reise av Rodrick

Grant. Utgitt a’ Haram kulturhistorielag 1986. Skrift nr 21.

            Havlandet, av Leo Oterhals

            To artiklar frå Sunnmørsposten frå 1955.

Nokre biografiske opplysningar om Johan E. Rekdal:

Johan Eriksen Rekdal var av «sognefolket», som kom til Rekdal i 1845, same året som Johan vart fødd. Han var fødd i Sogn, og var såleis berre spedbarnet då dei kom til Rekdal. Han voks opp «sø i Myrå», og foreldra heitte Erik (Sogn-Erik) og Man. Johan vart gift med Dortea, som kom frå Honndalen (f. Bakke). Berre ein av dei tre sønene deira levde opp: han fekk namnet Erik etter bestefaren, og etter han er det stor etterslekt. Les meir om desse folka i Olav Rekdal si bygdebok for Fiksdal og Rekdal, og i Romsdal sogelag sitt årsskrift for 1998, der Odd Sørås har skrive ein artikkel om «innvandringa» frå Sogn til Rekdal.