Lepsøya

Kulturstien på Lepsøya

Dette er mykje utdrag frå denne opphavlege teksten, skriven av Magne Kjerstad.

Når ein går Kulturstien, kan ein starte frå Hellevika eller Rønstad.
I denne guiden startar vi frå Hellevika.

 

Hellevika


I tidsrommet 1760-1765 vart dei fire tuna i Omnen flytta inn til Hellevika. Det var Ivergarden, Olagarden, Eirikgarden og Jakopgarden. Det vart sagt at det gjekk eit jord- og steinras ute i Omnen, slik at folka ikkje kjende seg trygge lenger der ute.  

Eilert Sundt var på besøk i Hellevika på 1860-talet. Han fortel om eit strevsamt liv, der folka sleit hardt for å skaffe det dei hadde bruk for. Ved til varme og matlaging var det lite av. Det fanst ikkje ei buske som dei kunne bruke til ved. Til kveikje hadde dei eine og lyng. Brenselet var torv som dei henta oppe på fjellet. Torva gav mest sur røyk, og lite varme. 

 

Det er få dagar i året ein kan gå i land med båt i Hellevika. Difor måtte folka framleis bruke båtstøene og nausta ute i Keila. Dit var det ei lang og strevsam rås å gå med fisk og utstyr på ryggen.

 

I dag er Ivergarden pussa opp til å vere eit flott tun som ein kan leige til selskap eller overnatting. Sjå gjerne meir om det her: Ivergarden

Sætshellaren


Sætshellaren kan vere litt vanskeleg å oppdage. Han har ei smal opning som slepp lite lys inn. Innanfor den smale opninga er sjølve hellaren ganske stor, og han har vore brukt til opphaldsrom for kyr. 

Utan lykt ser du berre halve rommet. Skru difor på ei lykt for å kunne oppleve storleiken av hola. Sjå også etter lav som reflekterer lyset.

 

 
Syversikkjen

Råsa gjeng her over eit vått og glatt berg. 

Ein som heitte Syvert Ness skal ha glidd der ein gong og fått seg ein “sikk” i det han landa på baken. Det seiest at han slo seg så mykje at han ikkje var arbeidsfør etterpå. 

Så dette er ei lita påminning om å gå varsamt på vått berg.

Keila


I Keila er det ei naturleg båtstø. Her kan ein setje ut og i land båtar, så sant vêret er bra nok til å drive sjøen. 

Naust-tuftene her kan vere heilt tilbake frå 1400-talet. Ein kan sjå kvar folka drog fram båtane, og små steinhaugar vitnar om at her har vore rydda slåttemark.

 

Omnen

Namnet Omnen er svært gammalt, og tyder truleg lun hole eller bustad. Dei første som busette seg her kom på slutten av 1400-talet. Like etter 1550 budde her så mange som 80 menneske. 

 

Omnafolket hadde både kyr, geiter og sauer. Vi kan tydeleg sjå spor etter strevet med å skaffe fôr til husdyra. Steinane som ligg i røyser langs fjellfoten, er hakka ut av dei bratte bakkane for å lage slåttemark.

 

Her var ikkje mykje som dei kunne brenne for å varme opp husa eller til koking og steiking. Viktigaste brenselet var torv, som dei spadde opp og tørka oppe på fjellet. Litt lyng og eine kunne dei rive oppe mellom hamrane der husdyra ikkje hadde kome til.

 

Fisken som dei ikkje åt sjølve, måtte tørkast slik at han kunne tole lagring og transport for sal. Betaling for fisk var einaste inntektskjelda.  Pengar måtte dei ha for å overleve. Mat og klede som naturalhushaldet gav, var på langt nær nok.

I tidsrommet 1760-64 vart Omnen avfolka, og dei fire husa vart flytta inn til Hellevika.


Haresteinen


Steinen har ikkje fått namn etter nokon hoppande hare, slike dyr har ikkje vore på øya. Men steinen har vore kvilestad for ein stor fugl som vart kalla ARE – havørn. Halvemålet gjorde are til hare. 

 

På andre sida av fjorden kan vi sjå arehammaren som har gitt namnet til bygda Haram og heile kommunedelen vår.

Skatjønna

Her kan ein sjå korleis kreftene frå storbåra har forma fjellet til ei jettegryte. 

Jettegrytene er gnaga av stein som bølgjene har rugga på. 

 

Når nordavinden står på med orkan styrke, går storbåra opp i Skatjønna. Steinane på botnen vert då skubba rundt. Det har tatt veldig lang tid å forme ei så stor jettegryte som dette.

 

Bryggja

Dette nedste fotoet er henta frå Morotur

 

Her kan ein sjå ut av berget dei store kreftene som rådde då den Caledonske fjellkjeda vart danna for ca. 490-390 millionar år sidan. Her var det botnen av ei fjellkjede som var 6000 km lang og like høg som Himalaya. Enorme krefter og høg varme knurva jorskorpa som papir, og danna nye bergartar. 

 

Bryggja er det ytterste punktet av øya mot vest. Kvart år er det øyamarsj på Nordøyane 2. pinsedag. Her på Lepsøya må ein då gå hit til Bryggja for å bli registrert. 

Litlerået

Litlerået vert uttala /ihsljerået/ på lokal dialekt.

Her er spor etter jordbruk i eldre tider. Vi kan sjå steingjerde, rydningsstein og åkerbøter. 

Vatn og frost har sprengt digre steinblokker ned frå fjellet.


Porten

Dette fotoet av Porten er henta frå avisa Nordre sin artikkel Blant gamle tufter i ramsalt og spektakulær natur (nordrenett.no).


Færvollane

Skal ein drive fiske frå båt, er ikkje dette staden å busetje seg på. Få dagar i året kan ein setje ut og lande båt her. Her syner heller ikkje spor etter båtstøer og naust. 

 

Slettene og gjerda syner at det har vore drive jordbruk.


nettsida til Digitalt museum kan vi lese dette om Færvollane: 

  

Då arkeologen Per Fett vitja staden i 1943, fann han om lag 150 gravrøyser på Færvollane. Desse vart ikkje undersøkt nærmare, men han laga ei oversikt over dei gravene som vart funne. Fleire år seinare vart ei av røysene gravd ut. Fett fann då to gravkister bygd av stein med steinheller til lok, men ingen gjenstandar.

 

Ein veit at holer og hellarar har hatt ei spesiell meining i forhistoria, som til dømes tilhaldsstad for farlege krefter. Det er fleire holer og hellarar i Store Rået, og det ser ut til at Rønstadhellaren vart tatt i bruk som offerplass minst 200 år før folk vart gravlagde på Færvollane. Då dei fyrste gravene vart bygde, var det kanskje nettopp fordi dette hadde vore eit spesielt landskapsrom i lang tid.

Den noko avsidesliggjande plasseringa, med ein mektig môl omkransa av bratte fjell og knausar med hellerar, har nok vore ein medverkande grunn til at strandgravfeltet vart lagt akkurat her. Det er eit spesielt landskap her ute, og dei døde ligg i eit område som er klart avgrensa frå anna busetjing. Ei slik avgrensing er også noko ein finn på andre strandgravfelt.



Rået og Rønstadhellaren

Ein reknar med at her var fastbuande folk i middelalderen. Vi kan sjå spor etter små åkrar med steingjerde rundt. Ei segn fortel at dei siste som budde i Rået kom bort på veg til kyrkje. Berre ei tenestejente var att. Ho flytta inn til Rønstad.

I nyare tid har Rået gitt godt sommarbeite for husdyra. Våren kom tidleg her ute, og sauane med smålamma kunne sleppast midt i april. 

Elles er det fleire av dei som no er pensjonistar som har vore her og sparka fotball. Her var den fine grassletta nedanfor hellaren godt gjødsla og passande kortklipt av sauane.


Rønstadhellaren er ein av dei største sjøhellarane i Norden. Han er 14 meter høg, 20 meter brei og 77 meter lang. 

Hellaren ligg 56 meter over havet, og må ha blitt til medan havet nådde mykje høgare enn no. 

 

Hellaren knip seg inst inne saman til eit trangt hol som er delvis attmura. Folk har lurt på kva som er innanfor opninga. Det fòr ein gong ein hund inn der, og han kom ut att i Skjonghellaren på Valderøya. Men då var han ”årlaus”, seier segna.


Rønstadhellaren har gitt ly for sau og geit, kanskje også for kyr og hestar, heilt sidan folk busette seg på øya. 

 

Konservator Lorange gjorde ein del funn i 1878. Han fann både eldstad og beinrestar etter måltid. Men mest kjend er den vakre beinkammen som var gøymd i eit lite, oppmura rom. Nokon har truleg gløymt han att der for 1800-1900 år sidan. 

 Biletet av kammen er henta frå Digitalt museum. Les gjerne meir om både denne og Rønstadhellaren her på nettstaden deira


Columbine-minneplata


Betty Mouat frå Shetland dreiv i land i Rået med båten Columbine 

7. februar 1886, etter å ha drive med vind og straum i 8 døgn om bord, heilt åleine.


Øvsteråsa

Dersom du vel å gå Øvsteråsa, må du opp ein bratt bakke frå Rået. Råsa vidare ned att mot Rønstad er slak og fin. 

Øvsteråsa er tryggare enn nedsteråsa. Det var her dei leidde hestar og storfe som skulle på sommarbeite i Rået. 

 

På toppen av råsa er Rønstadnøsa. Der kan ein sjå spor etter ei skytebane. Her kan du setje deg på benken, nyte denne flotte utsikta ut over Rået og lytte til Lepsøysongen frå ei boks der.

 

 

Dersom du vel å gå Øvsteråsa, får du ikkje med deg dei stadane som er nemnde nedanfor.


 

Men viss du heller går vidare over berga, kan du sjå dette:

 

Sjøhellarane

Råsa går forbi opninga til nedste sjøhellaren. Båra kan slå eit godt stykke inn i hellaren. Innanfor opninga veks det ramsløk. Planter herifrå har blitt sett ut i fleire hagar på øya.

På taket av nedste sjøhellaren finn vi øvste sjøhellaren.

 

Smalhans

Dersom du ser opp mot denne fjellveggen frå litt avstand, kan du sjå eit tydeleg andlet som ikkje er heilt i godlage. Det er Smalhans. Namnet kjem kanskje av at råsa er litt smal her.
  

 

Det kan kjennast trygt å støtte seg på Smalhans når ein går forbi, men er ein overtruisk bør ein helst ikkje gjere det. Før i tida var folk redde for å bli råka av ulukke dersom dei hadde klappa han Smalhans. 

 

Gylta, Sildegjelet og Ramnen


Den bergryggen som stikk lengst ut i sjøen her, heiter Gylta.
Like utanfor Gylta går det inn ei djup kløft som kallast Sildegjelet. 
For lang tid sidan gjekk silda opp i Sildegjelet. Då rodde folk ut og stengde opninga med eit garn for å få tak i silda.
Ved opninga til Sildegjelet er det ei stor jettegryte. På finevêrsdagar kan denne brukast til symjebasseng.

Det svarte skjeret med fyrlykta på, kallast Ramnen.
Kjelde: Haram bygdebok.

Tekst og bilete i dette dokumentet er mykje henta frå Magne Kjerstad sitt originaldokument Kulturstien – Google Dokumenter. Nokre av bileta er tekne av Marita Lausund og Harald Kjerstad.