Lepsøya

Opninga sett innanfrå
Opninga sett innanfrå. (www.turerforalle.com)
(www.turerforalle.com)

Rønstadhelleren ligg på vestsida av Lepsøya. Den er 14 meter høg, 20 meter brei og 77 meter lang. Helleren ligg 56 meter over havet. Turen til helleren tek omlag 45 til 60 minutt frå parkeringsplassen på Rønstad.

Rønstadhelleren er ein av dei største sjøhellerane i norden og den har fått namnet etter den næraste garden som ligg på Rønstad. Inngangen er trekantforma og ser ut til å vore oppmura med stein ein gong i tida.

Rønstadhelleren har vore brukt som sommarfjøs for husdyr.

I ein artikkel frå Summørsposten i 1928 kan ein lese om arkeologiske utgravingar i fleire av hellerane som ligg på øyane på Sunnmøre. Det er gjort både steinalder og jernalderfunn. Lengst inne i Rønstadhelleren vart det funne ei par store steinar og ei helle som stod på kant. Der låg det skjel, dyrebein og neverstykke. Det var spor etter at folk hadde laga til maten sin der. Det låg også att kol og aske, og framfor kokeplassen låg nokre steinar i ein halvsirkel.  I nærleiken av ildstaden, i eit lite rom laga av tre steinar, vart det funne ein fin beinkam med 33 tenner. Beinkammen er frå tida rundt 200 etter Kristus, altså 1800år gamal. Beinkammen ligg no i Bergen museum.

Beinkam
Beinkammen som vart funnen i Rønstadhellaren (digitaltmuseum.no)

Eit segn fortel at ein mann hadde skote ein fugl, men fuglen vart berre skadeskoten og flaug inn i Rønstadhellaren. Jakthunden sprang etter fuglen inn i hellaren, same hunden kom ut at frå Skjonghellaren på Valderøya, men då var hunden utan hår fordi den hadde gnidd seg så hardt mot bergveggen i den tronge gangen.