Haramsøya

Haram
Segnet om Bård i Haramsneset føregår på Haram. Her var det også vikingsete rundt år 1000, dette kan du lese om i Grettsoga. Heilt nord på Haram, på Stavneset finn du badehole. På Haram ligg også Tusenårsstaden der den gamle stavkyrkja låg.

Åkre
Åkre er kjend for å ha dyktige agronomar. Ein agronom er ein som driv landbruk og gard. På Åkre finn du også familiebedrifta NorWest som utfører mekaniske tenester. Her stod gamle Åkre skule og Åkre bedehus. Åkre bedehus var eitt av Sunnmøre sine første bedehus. No er det flytta til Borgundgavlen på Sunnmøre Museum.

Myskja
Myskja er eit av startpunkta for tur Myskjafjellet. Det er mange turstiar her. Stormyrhytta er eit populært turmål.

Austnes
Austnes var kommunesenteret i Haram Kommune på  1950-60 talet. På Austnes finn du bank, butikk, Haramsøy skule, småbåthamn, storbåtamn og Haram kyrkje. Starten på fjelltur til Varden, Røhammaren og Stormyrhytta finn du her. Også Haramsfjordtunellen som er ein del av Nordøyvegen startar her. Gravhaugen til Kår den gamle frå Grettesegna ligg også på Austnes. 

Håvika
Håvika er eit fint område for blåbærplukking.

Ulla
Ulla er eit gamalt fiskevær og handelstad. Husa her ligg i såkalla klyngetun. Her finn du Ullanausta, Ulla fyr og Ulla skulehus.