Haramsøya

Soga om Grette frå Island

Fritt etter Islendingesagaene.

For over 1000 år sidan, (år 1012),  budde det ein gut på Island. Han var son
nummer to og bar namnet Grette. Han var særs ustyrleg då han vaks opp. Mora og faren var ganske fortvila og ville finne arbeidsoppgåver til guten sin. Då han var 10 år sette faren han til å gjete gjæsene og gåsungane. Grette vart snart lei dette arbeidet og seinare fann dei gåsungane daude og gjæsene utan vingar.

«Du får ta deg til med anna arbeid», sa faren.

«Kva skal eg gjere då?» – spurde Grette.

«Du kan gjete hestane», svara faren.

Men Grette skar eit stort stykke hud av den hesten faren
likte best, så då fekk han ikkje ha den jobben lenger. Sidan gjekk Grette på
garden og slang og dikta nidviser.

 

Ein sommar vart Grette send med ein slektning som følgjesven. På vegen mista han matpakka si og måtte snu for å leite etter han.
Ein annan i følgjet gjekk og leita etter ein slik pose.

Han fann ein pose og sa det var sin. Dette var ikkje Grette einig i og dei byrja å krangle. Begge påstod at dei eigde posen.
Det enda med at mannen vart drepen.  Dette gjorde at Grette vart lyst fredlaus i 3 år.


Faren til Grette spurde ein kjenning nede ved båtane om
dei skulle langt.
«Vi skal på kjøpmannsferd til Noreg», sa kjenningen som var kjøpmann.
«Kan du ta med deg sonen min Grette på reisa», spurde faren.
«Ja, eg skal gjere det for di skuld», sa kjøpmannen.
Slik gjekk det til at Grette vart med eit skip som skulle til Noreg.

På vegen vart det storm og uver og skipet måtte ausast heile tida. Grette var lat og låg på senga si, lata seg og song nidviser.
Uveret auka og skiparen bad Grette instendig om å hjelpe til, for dei andre var trøytte av å ause.

Grette byrja ause. Først var det 2 mann på dekk som tømde
bøttene han sende dei. Dei greidde ikkje ta unna, så 2 mann til og enda 4 mann måtte til. Endeleg hadde dei tømt skipet for vatn.

                          
Snart såg dei land i sikte, Noreg. Dei kom inn under Harhamarsey på Sunnmøre, men her støytte skipet på eit skjer.

Mannskapet kom seg i land på øya. Her budde det mange folk, for det var lendmannsbustad.

Lendmannen heitte Torfinn Kåresson Haram. Han var son av
Kår den gamle – den kjende hersen av Harhamarsey.

Torfinn gav dei husrom og sende eit skip med 32 mann for
å berge all lasten. Etter kvart reiste mannskapet sørover, men Grette vart att hjå Torfinn og familien.

Grette vart ven med Audun. Ein kveld på Vindheim (Austnes), såg Grette eit sterkt lysskjær nord for Audun sin gard. Folk på Island trudde det brann lys over skattar som var gøymt i jorda. Grette fekk vite at nord for garden til Audun låg gravhaugen til Kår den gamle, Torfinn sin far.

Grette fira seg ned i grava og tok med seg kister med skattar og eit usedvanleg gildt sverd. Grette viste skattane til Torfinn, han måtte gi frå seg sverdet for det høyrde slekta til.


Torfinn Kåresson stod jarlen Eirik Håkonsson nær. Dei to hadde vore med og landsforvist valdsmennene Tore Tamb og Ogmund Onde frå riket.

Dei ville ta hemn og var på veg til Harhamarsey for å besøke Torfinn.


På sjølvaste julekvelden ankra dei opp utanfor Harhamarsey. Torfinn og dei fleste av mennene var i gjestebod ein annan stad, slik at valdsmennene slapp å møte motstand.

Men Grette var enno på øya. Han tok vel imot Tore Tomb og Ogmund Onde og bad dei vere gjestar til julehøgtida var over. Kona og dottera til Torfinn likte ikkje dette, men Grette brydde seg lite. Gjestane fekk mykje av både mat og drikke. 


Like før sengetid ville Grette syne gjestane stabburet. Då dei hadde gått inn stengde Grette døra.
Grette henta våpen og tok ein etter ein då dei kom ut.

Då Torfinn kom tilbake og såg framande skip ved garden frykta han for kva som kunne ha skjedd. Då han fekk høyre om Grette sin list, gav han Grette sitt vennskap og sverdet som Grette hadde røva frå Kår den gamle si grav.