Haramsøya

SEGNA OM BÅRD I HARAMSNESET

Haram B. Haram
Segna fortel at i utgamal tid budde det ein mann i Haramsneset som heitte Bård. «Bård i Neset» vart han kalla. Han var stor av vokster, grovbygd og veldig sterk. I tillegg til dette var han framsynt og svært klok. Vi veit ikkje kva han levde av, men truleg dyrka han jorda i tillegg til fiske utfor Neset, for han hadde fleire husdyr.
Mykje av det han eigde og merka etter Bård har ein gong vorte omskapt til stein. Desse tinga finn vi no i fjøra og rundt omkring på heile Haramsneset.
Segna om Bård fortel at han jamt gjekkmed ei raud topplue og at han elles var enkelt og lurvete kledd. Då han ein dag hadde vore og sett etter husdyra sine, kom det heilt uventa eit frykteleg torevêr. Han sprang heimover, men rakk ikkje heim før regnet hølja ned.
Noko av det verste Bård visste, var regn. Då han ikkje kom seg heim i tide, trengde han seg like godt inn i berget så han ikkje skulle bli våt. I farta stakk han toppen av hua litt opp gjennom berget så regnet taut inn likevel. Enno viser denne « trengsla» etter Bård som tomrommet etter ein stor mann.

Ikkje langt frå «Trengsla» ligg «Senga» til Bård. Dette er ei lang grop i Berget, ein stad Bård nytta til kvilestad på finevêrsdagar om sommaren.
Det er fortald at Bård var ein flink spelemann. I fristundene spela han mykje på fele. «Fela» til Bård viser no som ei hole som liknar ein fiolin i ein stor stein.
Bård hadde og si eiga kyrkje. Dit gjekk han ofte, og då hadde han med seg fela si. «Kyrkja» til Bård ligg på nordsida av Haramsneset, heilt nede ved sjøen, og er litt av ein attraksjon. Hit gjekk Bård ved fjøre sjø og stilte seg framføre altarplassen og gav seg til å spele det vakraste han kunne. Var det høgtidlege handlingar som stod føre, gjekk han inn ein sidegang. Der ville han vere heilt åleine og ha fred. Her stod han i djup meditasjon.
No ser denne «Kyrkja» om lag slik ut: Golvet er dekt med «rullestein». Veggane er glattslipte av båra og strekkjer seg som ein gang inn gjennom berget, heilt til sjøs. I taket er der ein sprekk som slepp sollyset inn. Inne ved «koret» er det ein sidegang til venstre. Denne gangen har heilt glattslipte steinvegger og er kanskje enda meir høgtideleg enn resten av «Kyrkja». Når sjøen flør framover kyrkjegolvet, rullar båredraget steinane att og fram, og då vert det ein heilt spesiell lyd der inne.

Særleg i skumringstimane, når sola seig ned mot havranda utanfor Stavneset og Klovningen, gjekk Bård ned mot fjøra.
Då steig han opp på talarstolen sin eit steinkast frå «Kyrkja». Her heldt han lange preiker for seg sjølv og øvde seg i talekunst. Her tala han til småbårene i finevêr, og her brukte han kjemperøysta si mot storbåra når nordvesten braut inn mot gråsteinsberga og skumsprøyten stod over Neset.
Det seiest at Bård var ein flink talar. «Talarstolen» til Bård er i dag ei framståande hylle i berget nokre få meter over sjøen, og er god å stå på for ein vaksen mann.

«Smørkinna» til Bård ligg noko vestanfor «Talarstolen» og «Kyrkja».
Ho ser ut som ei gammaldags stampekinne og er ei typisk jettegryte, om lag to meter høg og halvannan meter brei. For ei tid tilbake fekk «Kinna» ei lei sprekk og det datt ut eit stort steinstykke, men ho er der enno til å sjå og ta på.
Her var det, seier segna, at Bård kinna alt smøret sitt, for han hadde kyr og geiter. Men merke etter desse dyra finst ikkje no.
Bård hadde dessutan tre digre grisar. Tryna på to av dei viser i berget enno. Av desse dyra hadde han fått både busteleiv (tråd av skinn) og feitt flesk, hadde han fått hatt dei i fred.

Det er fortalt at «Galten», den største av dei, stod bunden ute på Rimane nord for Kvalvika på Haram. Der skulle han ete seg feit.
Ei natt sleit han i bandet og begynte å rote noko frykteleg. Han hadde eit bra tryne denne grisen, for han brukte det betre enn nokon plog. Denne natta var han rett så ivrig, og det var fælt som han for fram. Der det var myr eller laus jord gjekk det raskt. Der det var hardare grunn, slik som over Sæberghalsen, klarde ikkje grisetrynet så mykje.
Likevel laga «Galten» ei grøft som det står respekt av den dag i dag. Ein bulldosar ville hatt vanskar med å gjere etter, slik som frå Blåskiftet og innover Ovlandet.
Grøfta seig etter kvart full med vatn, både innanfor og utanfor Sæbergshalsen, og det laga seg to kjempestore demmer som vart til stor glede for ungane om vinteren. Heile natta heldt «Galten» fram med å rote på denne måten. Til slutt såg han ut som ein stor svart klump. Illsinnet kokte framleis i denne kjempegrisen og no sparde han ingenting der han fòr fram!
Endeleg ut på morgonsida var «Galten» komen til Austnes. Enno hadde han det så travelt at han ikkje la merke til at sola stod opp. Før han visste ordet av det, sprakk han og vart til ein stor stein. Denne steinen vart heitande «Galten». No er «Galten» vekk. For ein mannsalder eller to sidan, skaut han gamle Lar-Hans sund denne «Galten» og brukte den til løemur, vert det sagt.

No er Ovlandsmyra også vekk-ut-tappa. I 1890- åra grov dessutan Haramskarane ein kanal frå myra vestanfor Sæberget og til sjøs, så no er der grøn mark. I denne demma stod det igjen ein holme etter grisen til Bård. Han ber ikkje namnet «Galten», merkeleg nok, men heiter «Purkeholmen».

Då Bård i Neset var noko til års komen, ville han besøke brørne sine, Vibrok i Holmen og Isak i Omnen på utsida av Lepsøya / Løvsøya.
Bård skuva den gamle båten sin og la i veg over fjorden. Han vart veldig godt motteken av brørne sine. Han fekk rømmegraut av beste slag, og Bård var ikkje den som gjorde skam på grauten deira.
På heimvegen gjekk det ikkje så bra, han fekk skikkeleg magesjau. Det var så vidt han fekk berga seg i land heime. Ei lang , kvitgul stripe i berget har fått namnet «Skjetå hass Bård». Slik kan det gå når ein ikkje har vit til å stoppe å ete.

Frå no av vart Bård sjukeleg, og han vart dårlegare og dårlegare. Rett før han døydde, kraup han i kista si som han hadde ståande klar, som skikken var. Der sovna han inn for alltid, og kviler no i sjøen på sørsida av Haramsneset. 
Ikkje lenge etter kom vonde vetter og skapte om alt etter Bård til stein.

Denne siste kvilestaden vert kalla «Kista» eller «Likkista» til Bård den dag i dag. Sidene på ho er kransa med frisk tang og tare som flyt fram og tilbake i båredraget. Ved fjøre sjø kan ein sjå lòket på henne.
Somme har funne ut at dette er ein god gøymestein for hummaren, og det er ikkje sjeldan å sjå eit teinedubbel der. Andre ror stilt forbi «kista» til Bård og bøyer sin kropp over årane for Bård sitt støv, medan sjøen vaskar over kistelokket. Og dei undrast og spør seg sjølve: Skal tru om denne litt rare, men livskloke og kunstnariske einstøingen har levd nokon gong? Skal tru kva han tala til båra om, og kva han mediterte over inne i «Kyrkja» si? 
Skal tru kva som var hans livsfilosofi?

I dag er Haramsneset ein liten attraksjon. Med god hjelp av fantasien kan ein få steinane og berga her til å likne både det eine og det andre. Segna om «Bård i Neset» er rein folkedikting. Kanskje er der ein kime av realitet i historia om mannen som budde der likevel? Ein kime som rett nok er godt kamuflert bak gråsteinsberga her ute.

Om slektsannalane til Haramsfolket kan gje indikasjonar på eit namn som kan passe til «Bård i Neset» tør eg ikkje svare på.
Sikkert er det at i Løvsøy-Rået levde det ein mann som heitte Isak i Omnen på 1600-talet. Sonen til denne Isak, Nils Isakson, var jamvel med Tordenskjold i Dynekilen, og han fall der 18 år gamal.
Når det gjeld Vibrok i Holmen, er det truleg Indholmen tett utanfor Løvsøya det her er snakk om.