Namn: Klokkargarden
Blei rive i 1988
Adresse:
Gardsnummer: 17
Bruksnummer: 8

Lenke til Plassehansboka

Byggeår: 1890
Første eigar: Britanus Britanusen Kjerstad

Tidlegare på garden:
1724-1750 Klokkar Ole Jonson Smaage
1750-1791 Klokkar Jakob Samundsen Roald
1791- Klokkar Peder Salamonsen Strømme
-1835 Enkkem. Ole Larsson Fjørtoft/Sæt
1837- Britanus Samundsen Lausund
Knud Jakobus Samundsen Aakre
Britanus Britanusen Kjerstad
1892- Ole P.A. Britanusen Kjerstad
Haram Kommune
Ole Einar Gustav Kjerstad
Anna Berta Kjerstad og Gustav Iversen Fjørtoft Nordre
1985-2012 Roar M. Seth og Heidi K. Seth

Bygsel frå Prestegarden til fyrste kjende brukar i 1724. Husa på bruket bygd i 1890. Ole P.A Britanusen Kjerstad tok over i 1892. Anna Berta tok over garden etter faren Ole Britanusen. Ho og Gustav dreiv garden nokre år etter 2. verskrig fram til Ole Britanusen døydde i 1955. Gustav kjøpte Ferguson gråtass traktor som han m.a. dreiv leigeslått med. Det var første firhjulstraktoren på øya. Gustav og Anna avvikla gardsdrifta og skilde frå ei tomt der dei bygde nytt hus, Fjørtun. Garden vart seld til Haram kommune. Gustav fekk arbeid om bord i ein båt. Her var nokre år ein forpaktar som dreiv garden.

I byrjinga av 60-talet kom Olav Einar Gustav, bror til Anna Berta, og tok attende garden med odelsretten. Han budde her nokre år med familien. 

Etter at Olav flytta, heldt Gustav og Anna fram med gardsdrifta nokre år til Anna vart sjuk. Anna døydde i 1973. Klokkarstova var utleigd til ulike familiar. I 1985 vart huset skilt frå resten av garden, Roar og Heidi Seth fekk kjøpe tunet. Dei reiv husa og bygde seg nytt hus i 1987.

Resten av jorda vart seld til Ståle Kjerstad.